Den størst tilbakegang i år hadde Storjuvbrean i Jotunheimen (-94 meter), Tuftebreen på austsida av Jostedalsbreen (-65 meter) og Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-61 meter). Dei 34 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 25 meter. Dette skriv NVE i ei melding.
I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengd på breane. På Vestlandet fekk mange brear meir snø enn normalt, medan breane lenger aust fekk relativt lite snø. Bresmeltinga gjennom sommaren var litt under det normale på breane i Sør-Noreg, Resultatet for 2022 vart underskot for mange brear, men i område som fekk mykje snø vart underskotet mindre enn normalt. Nokre brear har også vore i balanse eller har hatt eit overskot.
I Nord-Noreg fekk breane stort sett meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var over det normale slik at resultatet for 2022 vart underskot for dei fleste breane. I område som fekk mykje snø har nokre brear likevel vore i balanse.
– Alle breane vi følger med på har trekt seg tilbake dei siste 20 åra, seier glasiolog i NVE, Hallgeir Elvehøy.
Brefrontane trekker seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren, noko som vil seia at massebalansen har vore negativ.
Negativ massebalanse i lengre tid
Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og høgde sidan år 2000. Dei siste 20 åra har 27 brear med samanhengande målingar gått tilbake 409 meter i gjennomsnitt.
– Årsaka til at brefrontane trekker seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarar Hallgeir Elvehøy.
Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verda.
Hordaland
I breområda i Hordaland har åtte målte brefrontar i snitt gått 14 meter tilbake i år. Størst tilbakegang hadde Bondhusbreen på vestsida av Folgefonna med 34 meter tilbake i år og 183 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Buarbreen har trekt seg tilbake med 26 meter i år, 154 dei siste ti åra.
Sju brear har trekt seg tilbake mellom 43 og 629 meter dei siste 10 åra.
Massebalansemålingane på Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen viste at breen har vore om lag i balanse i år. Sidan år 2000 har breen hatt eit underskot som gjer at heile breen har vorte 14 meter tynnare. Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 11 meter i år og 107 meter i løpet av dei siste 10 åra.