Braut seg inn og stal utstyr for over 200.000 - politiet ønsker tips

Foto:

I løpet av helga har nokon brote seg inn og stelt GPS-utstyr for nær 250.000 kroner frå ei gravemaskin på Eitrheim.

DEL

- Det kom inn ei anmelding på dette måndag morgon, opplyser etterforskingsleiar i Hardanger, Paul Henriksen.

Det er på «sirkustomta» på Eitrheim at nokon har stelt utstyret frå ei gravemaskin etter å ha brote opp døra.

- Det er jo ikkje berre det at det kostar å reparere og erstatte det, men her blir det og snakk om tapt arbeidsforteneste, seier Henriksen.

Han seier politiet no er veldig interesserte i tips i saka.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken