Gå til sidens hovedinnhold

Brannvesenet berga person på land

Torsdag ettermiddag rykka alle naudetatane ut frå Odda.

110-sentralen Hordaland opplyste at det var snakk om ein person som stod fast i elva ved Skjeggedalsvegen.

- Vedkomande skal stå trygt på ein stein i elva per no, så tar me det derifrå, opplyste vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen klokka 14:15 torsdag.

110 Vest melde på Twitter klokka 14:16 at brannvesen var framme på staden.

- Overflatereddarar tok seg ned til der vedkomande stod. Han stod trygt på ein stein midt i elva. Dei fekk han i land med tauverk, så det gjorde susen. Godt utført arbeid av Ullensvang brann og redning! seier Lund klokka 15:40.

Kommentarer til denne saken