Måtte evakuere grunna påtenning av papir i heissjakt

Artikkelen er over 3 år gammel

Brannvesenet rykka ut til Eidesbrotet i Odda.

DEL

Brannvesenet rykka søndag ut etter melding om røyk frå ei heissjakt i Eidesbrotet i Odda. Det melder 110-sentralen i Hordaland på Twitter.

  • Video sendt inn av Silje Heidisdatter Pedersen.

- Me har fått melding om at det er ein del røyk, men at dei ikkje har sett nokon eld, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen klokka 16.35.

Han fortel at røyken kjem frå heissjakta, og at bygningen er evakuert, men at det ikkje er nokon dramatikk rundt situasjonen.

16.42 kjem det ei oppdatering om at det var tent på papir i heissjakta i niande etasje, og at det no er sløkt.

Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannskontor fortel måndag at saka vil bli etterforska vidare.

Artikkeltags