Vil minimera brannfaren i desember: Dette må du passe på

Brannfarleg månad:  I desember er det viktig med gode og mange nok varslarar, seier brannsjef Sigbjørn Kleppe.arkivfoto

Brannfarleg månad: I desember er det viktig med gode og mange nok varslarar, seier brannsjef Sigbjørn Kleppe.arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Brannsjef i Odda, Sigbjørn Kleppe, fortel at dei har retta seg ut mot innbyggarane for å minimere brannfaren i desember.

DEL

Desember er ein av dei mest brannfarlege månadane i året. Difor rettar brannvesenet seg utover for å hindre brannar.

– Første desember er jo brannvarslaren sin dag. Så er vi med i Aksjon bustadbrann. Det går ut på at vi får tilsendt kontrollister og røykvarslarbatteri og drar ut og bankar på dørene, seier Sigbjørn Kleppe som er brannsjef i Odda.

I førre veke var brannvesenet rundt og besøkte folk i Odda, og veka før var dei i Ullensvang. Kleppe er klar på kva som er viktig for å unngå brann.

– Vi går inn i julehøgtida med mykje varme på, lys og brannfarleg dekor. Då er det viktig med gode og mange nok varslarar. I tillegg er det mykje levande lys. Dei må ein passe på. Går ein frå eit rom til eit anna, er det viktig å sløkke dei.

Artikkeltags