– Installer komfyrvakt

Illustrasjonsfoto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Illustrasjonsfoto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein fersk statistikk frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap viser at brannvesenet rykka ut til 162 komfyrbrannar i Hordaland i 2017. Det er 30 fleire enn året før, skriv Kvinnheringen.

Totalt rykka brannvesenet ut til 3.344 bustadbrannar i Norge, der heile 1.516 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

– Komfyren er den klart største brannkjelda i heimen. Så godt som alle komfyrbrannar kjem av tørrkoking, og ikkje teknisk feil ved produktet. Då er det veldig fint å ha ei komfyrvakt som hindrar at farlege situasjonar oppstår. Vi tilrår alle å installera komfyrvakt, uttalar Øyvind Ousdal, avdelingsleiar i Kvinnherad brann og redning, i ei pressemelding.

Artikkeltags