Onsdag ettermiddag er det meld om brann i ein søppelcontainer i Tyssedal.
- Det brenn i ein frittståande container. Me veit ikkje kvifor brannen har starta, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Torkjell Helle.
Ifølgje Helle er det ikkje noko vidare dramatikk å melda når det gjeld containerbrannen, og det skal ikkje vera noko problem for brannvesenet å få kontroll over situasjonen.