Brann i lastebil

Artikkelen er over 2 år gammel

Brannen er no sløkt.

DEL

Politiet i Hordaland og 110-sentralen melde torsdag ettermiddag om ein brann i ein lastebil på E134 i Røldal.

Vegen vart stengt, og naudetatane rykka ut til staden.

Litt over halv tre melde 110-sentralen at brannen var sløkt, og at mannskapet hadde kontroll på staden. Eit køyrefelt var framleis sperra, og dei utførte manuell dirigering på staden.

Etterforskingleiar ved Hardanger lensmannskontor, Per Helge Sekse, fortel fredag at det ikkje var stor dramatikk knytta til situasjonen.

- Det står i loggen at det var snakk om røyk, og ikkje flammar. Brannvesenet fekk sløkkt det, og det gjekk heilt fint med føraren, seier han.

Tips Oss
TIPS: Send e-post , SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470, Telefon: 53 65 06 00

Artikkeltags