Politiet: – Vil starte tekniske undersøkingar og avhøyr i dag

Slik såg brannstaden ut fredag formiddag.

Slik såg brannstaden ut fredag formiddag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Brannårsaka er framleis ukjent etter brakkebrannen på Kalvanes torsdag kveld. Politiet planlegg å starte nærare undersøkingar fredag.

DEL

Tre personar huslause etter brann i brakkerigg– Foreløpig er det ikkje gjennomført teknisk undersøking, men vi har vakt på åstaden. Før vi kan gå i gang med etterforsking må vi sjekke at det er skikkeleg lufta ut og mogleg å gjennomføre. Planen er å starte tekniske undersøkingar samt gjere avhøyr av bebuarane i dag, seier etterforskingsleiar Per Helge Sekse fredag formiddag.

Det var torsdag kveld at det tok til å brenne i den eine bueininga i ein brakkerigg på Kalvanes i Odda. Naudetatane fekk melding om brannen 19.08 torsdag kveld, og rundt klokka 20 opplyste innsatsleiar i politiet Vidar Litle-Kalsøy til HF at brannen var under kontroll. Tre personar er huslause etter brannen.

Ordførar Roald Aga Haug fortel at dei involverte, som er under kommunal omsorg, vert følgt opp av kommunen.

– Vi har tatt vare på dei etter beste evne. Dei har fått mellombels overnatting, så får vi sjå kor lenge dei skal vere der. Eg er veldig glad for at alle har komme frå det med liv og helse i behald. No gjeld det å hjelpe dei i å klare kvardagen og med praktiske gjeremål, dei har og mista eigedelar i brannen.

Artikkeltags