Brann på ferje ved Sydnes-kaien

Kvinnherad brann og redning jobbar no på staden. (Mobilfoto: Jonn Karl Sætre).

Kvinnherad brann og redning jobbar no på staden. (Mobilfoto: Jonn Karl Sætre).

DEL

(Kvinnheringen) Naudetatane rykte ut til Sydnes ferjekai rundt klokka 19 torsdag kveld, etter melding om brann på ferja M/F «Ytterøyningen», fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Det var personar om bord i ferja då brannen oppstod, men ingen av dei skal ha kome til skade. Brannen kan ha oppstått i ein batteripakke under dekk.

Ferja ligg til kai ved Sydnes, og Kvinnherad brann og redning er begynt sløkkingsarbeid på staden. Fjelberg-sambandet er innstilt inntil vidare, opplyser Norled.

Kvinnheringen kjem tilbake med meir så snart vi har informasjon.

Artikkeltags