Brann i truck på Boliden

Boliden Odda, Zinken

Boliden Odda, Zinken Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Naudetatane rykka like før klokka 18 ut til industriområdet til Boliden på Eitrheimsneset i Odda der det brann i ein truck innandørs. Brannen er no sløkt.

DEL

Like før klokka 18 tok det til å brenne i ein dieseltruck innandørs på industriområdet til Boliden på Eitrheimsneset i Odda.

Det skal ikkje ha vore nokon i trucken då den tok til å brenne. Arbeidarane som var på jobb forsøkte først å sløkke brannen sjølv, men måtte be om assistanse då det viste seg å vere for stort til at dei klarte det.

Klokka 18:10 fortalde operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde, at dei oppfatta situasjonen som under kontroll.

– Brannen har ikkje spreidd seg. Det er mykje sur røyk i området, men ifølge brannvesenet skal den ikkje vere farleg. Alle skal vere evakuert og vi har ikkje fått melding om at nokon er sakna.

Klokka 18:22 melde 110-sentralen at brannen var sløkt og at dei ventilerer verkstadhallen på Boliden.

Klokka 19:14 melde politiet at trucken er utbrent og at to arbeidarar er sjekka på grunn av røyk. Dei har fått oksygen og politiet forventar ikkje at dei treng meir medisinsk hjelp.

Artikkeltags