Gå til sidens hovedinnhold

Bluesfrokost med Bård Ose trekte fullt hus

Blueslaget Lokst Utøve innfrir igjen! Bluesfrokost med konferansier Bård Ose er den mest populære programposten under Blueshelga i Odda. I år serverte Ose blant anna artige historier rundt temaet groopy og kom sjølv kledd i pysjamas. Dette antrekket vart auksjonert bort. Auksjonsvinnaren fekk tilslaget med eit bod på heile 5000 kroner. Blant dei 200 som hadde sikra seg billett til frukostshowet, trekte blueslaget vinnaren av eit smykke, laga av gullsmedmeister May Helen Bleie. Ei rekkje artistar gjorde sitt for å gi publikum den rette bluesstemninga i Lindehuset.