Blømingsfestivalen må flytta feiringa si

Ole Gjerde, Anita Bråvoll og Alexander Aga Røynstrand må avlysa Blømingsfestivalen og i staden bu seg på feiring av 30. årsjubileum i 2021.  Arkivfoto: Svein Knutsen

Ole Gjerde, Anita Bråvoll og Alexander Aga Røynstrand må avlysa Blømingsfestivalen og i staden bu seg på feiring av 30. årsjubileum i 2021. Arkivfoto: Svein Knutsen

Frå 8. – 10. mai 2020 skulle Blømingsfestivalen feira 30 år. Den feiringa vert no flytta til 2021, melder arrangøren.

DEL

«Det er spesielle tider, og no kjem altså den triste beskjeden om at også Blømingsfestivalen vert avlyst. Dette er sjølvsagt utruleg leitt og kjedeleg, men me reknar med dei fleste har forståing for det og at mange til og med har forventa det», skriv arrangørane på si Facebookside.

– Blømingsfestivalen skulle feira 30 år i år og det var planlagt ei fantastisk feiring. Denne feiringa vert no flytta til 7. — 9. mai 2021. Alle overnattingar som er booka i 2020 vert automatisk flytta til 2021, dette vil dei få tilsendt ei ny bekrefting på. Det er altså berre naudsynt å kontakta Mikkelparken Ferietun om du ikkje har booka overnatting for korkje 2020 eller 2021, eller om du ikkje ynskjer at bookinga di skal verta flytta til 2021, melder dei.

– Me vonar at de alle held dykk friske og ved godt mot, så sjåast me i alle fall att på Blømingsfestivalen i Kinsarvik, 7. — 9. mai 2021, melder Alexander Aga Røynstrand, Anita Bråvoll og Ole Gjerde saman med Mikkelparken Ferietun.


Artikkeltags