Bli med på kulturdugnad - Her demonstrerer Tuva, Trym og Thea yoga for barn

    Det meste er avlyst om dagen, men vi trur ikkje at kulturen og aktivitetane i heimane til folk har stoppa opp av den grunn. Derfor inviterer HF no til kulturdugnad.

    DEL

    I videoen over kan du sjå Tuva (13), Trym (10) og Thea (7) demonstrere ei yogaøving for andre barn.

    - Vi praktiserer yoga kvar dag før heimeskulen startar, og legg ut filmar for å få folk med, seier mamma Rachel Mikkelsen Tapio.

    Bli med på HF sin kulturdugnad! ❤️

    I mangel på offentlige kultur- og aktivitetstilbod i desse dagar, håpar vi at folk vil vere med og bidra.

    Vi veit at det er mange talentfulle folk i distriktet vårt. Send oss ein video med eit kulturinnslag, det kan vere alt frå diktlesing til gitarsolo, eller noko heilt anna, som yoga. Slik kan vi vere med og lyse opp kvardagen til kvarandre.

    Vi kjem til å publisere videoane på nettsida vår, og håper mange blir med. Send inn til redaksjon@hardanger-folkeblad.no.

    Artikkeltags