Biltjuveri i Odda - politiet ønsker tips

Denne bilen er sakna frå Odda.

Denne bilen er sakna frå Odda. Foto:

Politiet etterlyser ein varebil frå ei bedrift i Odda.

DEL

- I løpet av natta er det stolen ein sølvfarga Nissan Navara pickup frå ei bedrift i Odda, fortel etteforskingsleiar Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor.

Bilen har ein grå strøinnretning på lasteplanet, og det står S.P. Garberg Transport på sida med raude bokstavar.

- Nokon har brote seg inn ein bygning for å stele bilen. Den har mest sannsynleg vore innom Smelteverket i Odda mellom klokka sju og åtte laurdag morgon, seier Henriksen.

Politiet er interessert i alle observasjonar om bilen, og ber om tips.

- Ein kan ringe politiet, eller meg direkte på telefonnummer 40038151. Vi er veldig interesserte i tips, seier Henriksen.

Han seier bilen truleg blei tatt på morgonen laurdag, og at tjuveriet skjedde på ei adresse i Tyssedal.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken