Politistasjonssjef Øystein Torsnes melder tysdag morgon at det vart meldt om eit trafikkuhell på rv. 13 i Kinsarvik måndag ettermiddag.

Ein bil skal ha køyrd utfor vegen like ved Mikkelparken, og meldinga kom inn til politiet klokka 16:15. Uhellet skal ikkje ha skjedd i høg fart.

– Føraren verka uskadd, og det er ingen mistanke om ruspåverknad, fortel Torsnes.

Ein patrulje frå politiet var ute og hjelpte, og det er oppretta sak frå politiet si side.