Bil køyrde av vegen - store materielle skader

DEL

Klokka 06.14 fekk Vest politidistrikt melding om at ein bil hadde køyrd av vegen og inn i eit bygg ved Helleland på Lofthus. Naudetatane rykka ut.

- Patruljen vår blei varsla om eit køyretøy som hadde hamna utfor vegen rett før Lofthus. Det var relativt store materielle skader både på bil, utfor vegen og ned mot eit naust, seier Øystein Torsnes ved Hardanger lensmannskontor.

Det blei ikkje sendt ambulanse til staden, og politiet tok med seg føraren til Odda sjukehus.

- Han framstod som lettare skadd, men vi har ikkje noko meir informasjon etter at vi leverte han, seier Torsnes.

Han opplyser om at saka blir etterforska på vanleg måte.

Artikkeltags