Det vart klart under utvalet sitt møte tysdag denne veka.

«Bygdekinoen representerer eit høgt skatta og viktig tilbod til både små og store i bygda. Tilbodet er godt besøkt og er heilt klart noko som kommunen ynskjer skal fortsetja, også i åra som kjem», står det i sakspapira frå rådmannen.

Vedtaket i Utval for kultur og levekår vart godt motteken av Røldal ungdomslag, som driftar kinokveldane i grendahuset på dugnad .

– Tidlegare har vi måtta søka konsesjon for eit år av gangen, no får vi meir kontinuitet og føreseielegheit i arbeidet, seier kinosjef i Røldal, Svein Myrheim til HF.

Han viser til at det har vore bygdekino i Røldal i mange tiår, og seier det er eit flott lågterskeltilbod til dei unge i bygda, mellom anna som eit alternativ til dei som ikkje driv med idrett.

– Kinodrifta er noko ungdomslaget gjer frivillig, vi tener ikkje pengar på dette, fortel han.

Myrheim seier han er takknemleg for at Ullensvang kommune støtter opp om kinodrifta i fjellbygda.

– Det er ikkje lett å driva kino under ein pandemi, men det kjem tider etter dette, uttalar Myrheim.