Norled får utanlandske eigarar

Norled er det tredje største ferje- og hurtigbåtselskapet i Noreg og har kontor i Stavanger og Bergen.

Norled er det tredje største ferje- og hurtigbåtselskapet i Noreg og har kontor i Stavanger og Bergen. Foto:

Ferjeselskapet Norled er selt til to oppkjøpsfond. Nødvendig for å utvikle selskapet vidare, seier styreleiare

DEL

Norled blir kjøpt opp av det finsk-svenske oppkjøpsfondet CapMan Infra og kanadiske CBRE Caledon. Dei kjøper 50 prosent av aksjane kvar. Seljar er familieeigde Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD).

– No står selskapet ved eit vegskilje. Mykje av Norled si historie er at vi har hatt ein moglegheitsorientert leiar. Å vekse og lukkast med så mykje nytt innan teknologi og investeringar er krevjande for ei familieeigd bedrift. No treng selskapet å få tilført den naudsynte økonomiske løfteevna som skal til for at Norled kan vekse og utvikle seg vidare til neste fase og mot nye mål, seier styreleiar i Norled, Ingvald Løyning, i ei pressemelding.

Miljøteknologi

Selskapet eig den batteridrivne ferja MF Ampere, som er den første batteridrivne ferja i verda. Det er også duka for lansering av ei hydrogenferje i 2021.

– Miljøteknologi opnar for uante moglegheiter, også utover den maritime sektoren. Eg er svært stolt over alle dei milepælane medarbeidarane i Norled har skapt, seier Løyning.

Norled er det tredje største ferje- og hurtigbåtselskapet i Noreg og har kontor i Stavanger og Bergen. Dei har ei flåte på 59 ferjer og 28 hurtigbåtar og fraktar meir enn 17 millionar passasjerar og 9 millionar bilar kvart år.

Pionerar

– Avtalen kjem i ei tid der norsk ferje- og hurtigbåtindustri investerer betydeleg i ny miljøvenleg teknologi. Dei dedikerte medarbeidarane i Norled har i fleire år bevist sin evne til å vere pionerar i det grøne skiftet innan sektoren, og eg er sikker på at Norled med dei nye eigarane vil halde fram med si positive utvikling og blomstre, også i åra som kjem, seier Yuhong Hermansen som er majoritetseigar og styreleiar i Det Stavangerske Dampskibsselskab.

Kjøpet er forventa å bli fullført i juni 2019, etter godkjenning frå konkurransemyndigheitene. Gjennom salet vil 100 prosent av aksjane i Norled bli overført frå DSD til CapMan Infra og CBRE Caledon. EY og Schjødt har vore Norled sin finansielle og juridiske rådgjevarar i prosessen.

Artikkeltags