Det skriv Bergen Live i ei pressemelding. 3. juni brakar det laus på Bergenhus Festning, og det blir Lothepus sin største konsert i Bergen så langt.

Dei lovar allsong, dans og fest. Populariteten til Leif Einar «Lothepus» Lothe har skutt i taket under hans deltaking i «Farmen kjendis», der han også vann heile konkurransen. Til HF uttalte han etter sigeren at han jobbar med ulike prosjekt saman med andre deltakarar frå Farmen.

No er heile sommaren fullbooka for Lothepus, som også held fram i jobben som entreprenør.