Dagleg leiar ved Folgefonnsenteret seier opp

Ivar Baste har nettopp takka ja til å arbeida med koplinga mellom klima og naturmangfald i Miljødirektoratet. Samtidig sluttar han som dagleg leiar i Folgefonnsenteret.

Ivar Baste har nettopp takka ja til å arbeida med koplinga mellom klima og naturmangfald i Miljødirektoratet. Samtidig sluttar han som dagleg leiar i Folgefonnsenteret.

Ivar Baste har sagt opp stillinga som dagleg leiar i Stiftinga Folgefonnsenteret.

DEL

Det kjem fram i ei pressemelding frå Folgefonnsenteret fredag.

Folgefonnsenteret er ein ideell og sjølveigande institusjon som vart skipa av kommunane Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad i tillegg til Universitetet i Bergen.

I styret sit mellom anna Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal, Elisabeth Wesenlund Hauge og Roald Aga Haug frå Odda og Kåre Grønsnes frå  Ullensvang.

Føremålet med senteret er å driva forskingsbasert kunnskapsformidling kring tema knytt til Folgefonna, landskapet og fjordsystema kring Folgefonnhalvøya.

- Det er trist og beklageleg at vår daglege leiar og einaste tilsette vel å slutta etter berre 1 år i stillinga. Eg trur eg har heile styret med meg på at vi med dette mistar ein svært dyktig og hardtarbeidande leiar, som vi gjerne skulle hatt med oss på laget vidare, seier styreleiar Knut Frøland i pressemeldinga.

Han legg til at han samtidig har stor forståing for at Ivar Baste har sagt ja til ei fulltidsstilling i Miljødirektoratet.

- Ikkje minst sett i lys av dei økonomiske utfordringane vi for tida har i Folgefonnsenteret, legg Frøland til.

Ivar Baste har 3 månaders oppseiingstid, men styret har ikkje fått tid til å diskutera kor vidt det kan vera aktuelt å gi slepp på han tidlegare.

- Kva vi gjer vidare med omsyn til tilsetjing av ein ny dagleg leiar, avheng i stor grad av det pågåande arbeidet med å sikra Folgefonnsenteret eit betre økonomisk fundament. Dette vil vera hovudtema på vårt neste styremøte i månadsskiftet oktober/november, opplyser styreleiaren.

Les og: Folgefonnsenteret søker om midlar til pilotsatsing

Artikkeltags