Alexander gjekk heilt til topps

Til topps igjen: Alexander Aga Røynstrand. Pressefoto

Til topps igjen: Alexander Aga Røynstrand. Pressefoto

Av

Alexander Aga Røynstrand gjekk heilt til topps under årets Jørn Hilme-stemne i Valdres.

DEL

Meisterspelemannen frå Hardanger spelemannslag - og Granvin - utklassa dei to andre deltakarane som saman med han hadde høgast poengsum under årets stemne; Jan Beitohaugen Granli på hardingfele og songaren Stian Johan Roland.

Dette ser ut til verkeleg å verta Alexander sitt år. Han har nett henta heim både kongepokal og siger i A-klasse hardingfele frå landskappleiken.

Ein nøgd festivalsjef Ellen Persvold kunne rekne 9800 besøkjande på arrangementa under folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet sist helg.

Mellom dei mest populære postane var urframføringa av eigenproduserte På Pynté, fjellkonserten med Jonas Fjeld og Kvarts – og sommarkveldane med dans og intimkonsertar på Valdres Folkemuseum, skriv festivalen i ei pressemelding.

Jørn Hilme-stemnet dreg mykje tilreisande publikum, også på grunn av dei populære kursa i folkemusikk og dans. Meir enn 200 barn og vaksne har delteke på ulike kurs.

På det femdagars ungdomskurset «Strunkeveko» møtest ungdom frå store delar av austlandsområdet for å utvikle seg innan spel og dans og knyte band til andre med same interesser, opplyser festivalen.

Talet på deltakarar i kappleiken var høgare enn på mange år, og stor deltaking i juniorklassen stadfestar Strunkeveko og Hilme-stemnet sin posisjon som ein av dei viktigaste arenaene i landet for rekruttering innan folkemusikk og dans, melder festivalleiinga

Artikkeltags