Gå til sidens hovedinnhold

Berg har fått jobb i utlandet: Hydro jaktar ny fabrikksjef

Hydro Husnes må sjå seg om etter ny sjef.

(Kvinnheringen)

Det skriv Hydro i ei pressemelding tysdag føremiddag.

Johan Berg har nemleg fått jobb i Qatar, som Chief Operations Officer ved Hydro sitt deleigde aluminiumsverk Qatalum. 46-åringen reiser frå Husnes etter fire år som sjef ved hjørnesteinsbedrifta.

Før Berg kom til Husnes i 2017 hadde han hatt fleire leiande driftsroller, blant anna som leiar for vedlikehald og prosjekt i Aluminium Metal. Mellom 2000 og 2015 var Berg tilsett hos Elkem og Alcoa i ulike leiarstillingar innanfor drift, teknologi, strategi og sal i Norge, Canada, USA og Island.

Berg er sivilingeniør i Prosessmetallurgi frå NTNU og har ein Executive MBA frå University of Pittsburgh i USA.

Berg startar i den nye rolla hos Hydro 1. juli 2021.

Arbeidet med å finna ny fabrikksjef på Husnes er i gang, melder Hydro i pressemeldinga tysdag.

Les også

Niclasen (H) om Kvinnherad Arena: – Eg tillèt meg å drøyma om rockekonsertar

Kommentarer til denne saken