Ber folk om å halda avstand på to meter

Kommunen opplyser at dei får fleire førespurnader fordi oppmjukingar i smittevernsråda gjer at fleire vil tilbake til normalen.

Kommunen opplyser at dei får fleire førespurnader fordi oppmjukingar i smittevernsråda gjer at fleire vil tilbake til normalen.

Ullensvang kommune presiserer i ei pressmelding måndag at nasjonale myndigheiter sin informasjon om at strenge smittevernråd gjeld framleis.

DEL

Måndag opna skuler og barnehagar i kommunen opp igjen og fleire serveringsstader er i drift att etter å ha vore stengt i fleire veker.

- Det må framleis vera særleg fokus på å følga strenge smittevernråd på stader der mange personar er. Avstandsråd med minimum to meter til andre personar og hyppig handvask er like viktig som før. Ein skal unngå grupper på meir enn 5 personar, melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Det er så langt gjennomført 118 koronatestar i kommunen. Så langt er det ingen positive resultat på prøvene.

Kommunen har opplyser at dei har fått førespurnader fordi oppmjukingar i smittevernråda gjer at fleire vil tilbake til normalen.

- Det har vore felles møte for kommuneoverlegane. Voss herad sitt vedtak om stenging av skianlegg har vorte overprøvd av fylkesmannen. Verksemdene skal sjølv bestemme om dei skal opna og dei skal sette inn tiltak. Kommunen sin rolle er å føra tilsyn og ikkje å bestemme om dei kan opne, opplyser kommunen i pressmeldinga.

Artikkeltags