Ber familiar utpeika èin besøksvenn

For å sikra bebuarane vil det verta ordning med besøksvenn for dei som bur på sjukeheimane, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg i Ullensvang kommune,Torbjørn Reisæter. 

For å sikra bebuarane vil det verta ordning med besøksvenn for dei som bur på sjukeheimane, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg i Ullensvang kommune,Torbjørn Reisæter. 

Ullensvang kommune innfører tiltak som gjer at pasientar på sjukeheimar kan få besøk. No ber dei familiar utpeika èin person som besøksvenn.

DEL

Tiltaka vert innført etter dei nasjonale føringane som er kome, og for å leggja til rette for at dei som bur på sjukeheimar og i omsorgsbustader skal kunne få kontakt med og besøk av dei næraste, går det fram i ei pressemelding frå kommunen tysdag kveld.

- For å sikra bebuarane vil det verta ordning med besøksvenn for dei som bur på sjukeheimane. Vi ber familiane utpeika èin person som besøksvenn. På det viset vil pasientane framleis kunne få besøk, men av smitteomsyn vert det berre ein person som kan ha denne funksjonen, forklarar kommunalsjef for helse og omsorg i Ullensvang kommune Torbjørn Reisæter.

Ordninga gjeld i denne omgang fram til 18. januar.

- Kven som skal vera besøksvenn skal avklarast med den einskilde sjukeheim. Vi vil òg oppmoda familie og pårørande til dei som bur i omsorgsbustader til at de også avgrenser talet på personar som kjem på besøk, legg Reisæter til.

Kommunen minner samstundes om at det under jule- og nyårsfeiringa nyleg har vore mange besøk av familie og venner, noko som aukar smittepresset også i vår kommune.

- Om det fører til nye smittetilfelle i Ullensvang veit vi ikkje endeleg før om ei drøy veke, seier Reisæter i pressemeldinga.

Han håper tiltaka som kommunen alt har iverksett, og dei som no kjem for sjukeheimar, gjer sitt til at vi held smittetalet nede, og minnar alle, om at er viktig å halde seg heime i størst mogleg grad.



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken