Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Styret i LO i Indre Hardanger har i fleire år engasjert seg fagleg og politisk ein opptrappingsplan for mange fleire VTA-plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid).
Behovet for fleire AIB-plassar (arbeidstakarar i arbeids- og inkluderingsbedrifter) og VTA plassar er skrikande. Det er mange i samfunnet som av ulike årsaker ikkje kan fungere fullt ut i arbeidslivet. Å utvikle gode alternative tilbod og eksterne utprøvingsarenaer er ei stor felles utfordring som både Stortinget, fylkestinga, kommunestyra fagrørsla og det ordinære arbeidslivet må vere med på å løyse.
Difor er det med stor uro vi registrerer at Vestland fylkeskommune vil utelukke AIB-bedrifta Beredt frå kantinedrifta i det nye fylkesbygget. Beredt er heileigd av fylkeskommunen og har stått for kantinedrifta i fylkesbygget i mange år.
Vi krev at fylkesadministrasjonen og Vestland fylkestinget revurderer denne skandalesaka og syt for at dei tilsette i Beredt, som er fagorganisert i Fellesforbundet / LO får halde fram med kantinedrifta.
Denne uttalen er samrøystes vedtatt i styret i LO i Indre Hardanger.