Kollisjon mellom hurtigbåt og fritidsbåt

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

(Kvinnheringen) Like før klokka 20 søndag kveld blei det meldt om ein kollisjon mellom hurtigbåten MF "Rygerfonn", som går i ruta mellom Rosendal og Bergen, og ein mindre fritidsbåt. Det var ein mann om bord i fritidsbåten, og han hamna i sjøen i samband med krasjen. Han vart teken opp av sjøen raskt, og blei seinare sendt til Haukeland sjukehus truleg lettare skadd, skriv Vest politidistrikt på Twitter. Politiet opprettar sak etter hendinga.


Artikkeltags