Båt på grunn i Odda

Båten Sandtroll fekk ein uheldig ankomst til Odda onsdag morgon.

Båten Sandtroll fekk ein uheldig ankomst til Odda onsdag morgon. Foto:

Asfaltbåten Sandtroll gjekk på grunn i Odda onsdag morgon. Ifølge politiet har massar blitt skyvd ut frå elveosen og endra forholda der det normalt sett skulle vore passasje for større båtar.

DEL

Onsdag morgon fekk HF tips om at ein båt hadde gått på grunn ved elveosen i Odda sentrum.

Folk på staden stadfestar at båten skulle frakta asfalt til Odda, og var gått på grunn i hamnebassenget.

Litt før klokka halv ti klarte båten å komma seg laus.

Grunna flaumen

Vidar Litle-Kalsøy, politibetjent ved Hardanger lensmannskontor, fortel at politiet har påvist at hendinga ikkje hadde noko å gjera med feilmanøvrering eller føraren av båten.

– Normalt sett skulle endå større båtar enn denne kunna passera i området. Det som truleg har skjedd er at den store flaumen har ført til at massar vart skyvd ut frå elveosen, og gjort slik at det ikkje er passasje for denne typen båt, seier han.

Det har rett og slett blitt mykje grunnare i fjorden. Litle-Kalsøy fortel vidare at politiet har vore i kontakt med ein lokal dykkar, som vil sjå på eventuelle skader på skroget før båten reiser vidare.

– Lensmannen vil vera i dialog med hamnesjefen i kommunen.

Litle-Kalsøy seier det no er viktig at det blir målt og merka, slik at så store båtar ser at dei ikkje kjem seg inn.

Informasjon tilgjengeleg

Hamnesjef i Odda kommune, Anton Langeland, stadfestar at det er avsetninga frå flaumen i 2014 som har gjort at sjøbotnen har endra seg.

– Vi har vore klar over at det er ei grunne der. Det er skipsagenten også informert om, seier han.

Ifølge Langeland er det derfor truleg at det er noko informasjon som ikkje har kome fram til Sandtroll.

– Alle skip som kjem til Odda skal registrera seg i eit system, og i det systemet får dei denne informasjonen, seier han.

Langeland medgir at grunna i tillegg bør fysisk merkast, og seier dette er noko kommunen allereie jobbar med og kjem til å gjera.

Her kan du følga skipstrafikken.

Artikkeltags