Ny innhaldsrik baronisesong

GJENHØYR: Thomas Dybdahl blir å høyra i Riddesalen i sommar. Dette bildet er frå borggardkonserten i juli 2017. (Arkivfoto).

GJENHØYR: Thomas Dybdahl blir å høyra i Riddesalen i sommar. Dette bildet er frå borggardkonserten i juli 2017. (Arkivfoto). Foto:

Både kvinnheringar og tilreisande kan sjå fram til årets kulturprogram ved Baroniet Rosendal.

DEL
(Kvinnheringen) iv>

Denne veka sende Baroniet ut pressemelding om årets kulturprogram. Sesongstarten er det Helene Bøksle (song) og Tove Kragset (klaver) som tar seg av onsdag 29. mai i Den Røde Sal.

Fredag 31. mai blir det intimkonsert same stad: Leif Ove Andsnes med musikarar framfører musikk av festival-aktuelle Sjostakovitsj, samt Ernő Dohnányis. Same dag er det òg opning for ei digital utstilling i Riddersalen; «Sovjetkunsten og dens vilkår». Dagen etter blir utstillinga «Tilegnet» med 25 maleri av Svein Johansen opna i vinkjellaren og borgstova. Gunnar Danbolt vil by på introduksjon under begge opningane. Den todelte utstillinga er elles ein del av Rosendal Kammermusikkfestival (8.–11. august).


Hageseminar

Laurdag 15. juni er det klart for heildags hagehistorisk seminar i Riddersalen, med innlagd hagevandring. Blant temaa er hagekunst, 1600-talets hageanlegg i Norge (Autstrått og Rosendal), klosterhagar og kva historiske hagar har betydd i norsk kunst- og kulturhistorie. Kompetente fagfolk står for forelesingane.


Lokalt innslag

Inniblant rekkja av norske toppartistar og andre gode vener av baroniet, dukkar Strupebandet opp i Riddersalen søndag 16. juni. Halsnøykoret har med orkester og solistar, slik vi har blitt vane til. Førestillinga «Kings and Queens» er ein hyllest til store utøvarar og stemmer i populærmusikken i siste halvdel av 1900-talet.


Litt av kvart

Fredag 28. juni kan du høyra Håkon Kornstad Trio i Riddersalen. Tysdag 2. juli fortel professor Jørn Øyrehagen Sunde om «Natur og kultur på Baroniet Rosendal».

Fredag 5. juli, i Den Røde Sal, er det klart for konsert med Audun Sandvik (cello) og Sveinung Bjelland (klaver). Duoen spelar musikk av Beethoven, Chopin og Grieg.

Også Kjell Arild Pollestad dukkar opp i Den Røde Sal, nærare bestemt laurdag 6. juli under vignetten «En festaften – potpurri frå tidlegare føredrag». Same dag blir det òg gjensyn med dokketeatret Kaspar som kjem med to førestillingar for born.


Fire på rad

Veke 28 blir reine Norsktoppen i Riddersalen: Tysdag 9. juli held Ingebjørg Bratland med musikarar konsert. Dagen etter kan du høyra Stein Torleif Bjella (song/gitar), og torsdag 11. juli er det Ingrid Olava (song/klaver) sin tur. Laurdag 13. kan du oppleva Thomas Dybdahl (song/gitar).

Fredag 12. og laurdag 13. juli er det klart for klassisk Shakespeare når The Festival Players framfører «Much Ado aobut Nothing» i borggarden.

I tillegg til visebonanzaen denne veka, held Tenorane & Steffen Horn konsert i Riddersalen søndag 14. juli.


Slag i slag

Også i år kjem Bjørn Eidsvåg med band og held konsertar i borggarden tysdag 16., onsdag 17. og torsdag 18. juli. Fredag 19. og laurdag 20. juli spelar Maria Mena med musikarar i Riddersalen. Tysdag 23. juli held ekteparet Karoline Krüger (song/klaver) og Sigvart Dagsland (song/klaver) konsert saman i Riddersalen, dagen etter Åse Kleveland (song/gitar) og Tove Kragset (klaver) i Den Røde Sal.

Torsdag 25. juli dukkar popbandet Minor Majority opp på scenen i Riddersalen. Dagen etter kan du oppleva ringrevane Ole Paus (song/gitar) og Ketil Bjørnstad (klaver) i lag same stad.

Laurdag 27. juli blir det foredrag med Elisabeth Aasen («Fra antikkens Lucretia til dagens metoo») og Gunnar Skirbekk (Tema: ytringsfridom).

Tysdag 30. og onsdag 31. juli kjem Kari Bremnes med band til Riddersalen. Torsdag 1. august held Ingrid Andsnes (klaver) konsert i Den Røde Sal, med musikk av Brahms, Debussy og Grieg. Dagen etter går Anne Grete Preus med band på scenen i Riddersalen.


Vamp gonger to

8.–11. august er det som kjent tid for Rosendal Kammermusikkfestival. To helger seinare dukkar Vamp opp i Riddersalen (23/8 og 24/8).

Baroniet har mange gode musikarvener – ei av dei med lengst fartstid er Herborg Kråkevik. Denne gongen har ho med seg ein musikar og held konsert i Den Røde Sal 31. august.

Sesongen blir avslutta av baroniet sin eigen hoffprofessor, Jørn Øyrehagen Sunde. Tysdag 3. september kjem han til Riddersalen og held føredrag om dagleglivet i Kvinnherad på 1600- og 1700-talet.

Artikkeltags