Skattepengane tidlegare på konto og betre fordelar for nygifte

Ektefellar kan få tidlegare skattefordelar av giftarmålet.

Ektefellar kan få tidlegare skattefordelar av giftarmålet. Foto:

Av

Dette betyr revidert nasjonalbudsjett for lommeboka.

DEL

(Firda) Skattepengane kan komme tidlegare, nygifte får betre nytte av skattefordelar og veteranbilar blir billegare. Men moglege rentehopp kan krympe lommeboka.

Dette er konsekvensane av nokre av nyheitene som kom fram i revidert nasjonalbudsjett.

– Frå ein forbrukarståstad er det ikkje dei største endringane i dette budsjettet, seier forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea til NTB.

Varslar endringar i skattereglar

Ho trekker likevel fram to punkt som folk kan merke direkte:

* Skattepengane vil komme tidlegare. No leverer ein skattemeldinga i april, og får pengar ein eventuelt har til gode på skatten utbetalt i juni. Men neste år kan dette bli utbetalt allereie to veker etter at ein leverer skattemeldinga, varslar regjeringa.

* Regjeringa varslar endringar i skattereglane for ektefellar. Tidlegare har folk som giftar seg etter 31. oktober, ikkje kunne dra nytte av skattefordelane ved ekteskapet ved neste skatteår. I staden har dei vore nøydde til å vente til året etter dette igjen.

– No foreslår regjeringa at alle som giftar seg fram til 31. desember, skal skattleggjast som ektefellar det det komande året, forklarer Incedursun.

Bompengekutt

Nokre har meir grunn til å juble over revidert nasjonalbudsjett enn andre.

Dette gjeld mellom anna dei som jamleg køyrer gjennom bomstasjonane ved Halsnøysambandet i Hordaland, Tverlandet-Godøystraumen i Nordland eller Listerpakken i Vest-Agder.

Som varsla har nemleg Frp fått gjennomslag til å setje av 200 millionar kroner for å stenge ned desse bomstasjonane tidlegare enn planlagt.

Mogleg rentehopp

Bur du i resten av landet, er det ikkje mange fleire endringar som går direkte inn i privatøkonomien til folk flest.

Indirekte vil likevel oljepengebruket til regjeringa kunne få noko å seie for alle som har bustadlån. Regjeringa legg nemleg opp til å bruke 238 milliardar kroner av oljefondet i år – 7 milliardar meir enn planlagt, noko mange fryktar kan føre til rentehopp.

– Det er renteeffekten som verkeleg kan bli påviseleg for mange. Å trakke hardare på gassen når farten i økonomien allereie er god, kan føre til raskare og kraftigare renteoppgang. Det er noko alle med bustadlån vil merke, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1 til NTB.

Fleire endringar:

Nokre andre endringar kan vere til nytte for enkelte:

* Billegare sider. Dagens ordning med redusert alkoholavgift for små bryggeri blir utvida til å omfatte sider og liknande alkoholvarer.

* Billegare e-bøker. Meirverdiavgifta på 25 prosent på e-bøker og strøymetenester med e-bøker blir fjerna.

* Planlegg du å kjøpe motorsykkel i utlandet, kan dette bli billegare. Eingongsavgifta for motorsyklar blir nemleg redusert med 10 prosent i gjennomsnitt frå 1. juli. Endringa er berekna å gi 25 millionar mindre i inntekter til staten årleg.

* Planlegg du å kjøpe veteranbil i utlandet, kan dette bli billegare. Eingongsavgifta på bilar eldre enn 20 år blir nemleg fjerna frå 1. juli.

* Unge i Arendal og Vadsø kan få subsidierte fritidsaktivitetar. Regjeringa har nemleg sett av 10 millionar kroner til eit pilotprosjekt for eit fritidskort i dei to kommunane. På sikt kan ordninga bli nasjonal.

Artikkeltags