Aldri har vi brukt så mykje pengar på julegåver til barna som vi gjer i år

Av
DEL

I år vil foreldre bruke 2.164 kroner i snitt på julegåver til eigne barn. Det viser ei undersøking analysebyrået Ipsos AS har gjort for DNB, ifølgje Aftenposten. Det er nesten 700 kroner meir enn det foreldre opplyste dei ville bruke i fjor i ei liknande undersøking.

Heile 64 prosent av foreldra som er spurde seier at dei føler på kjøpepress i jula. Det forstår trendforskar Gunn-Helen Øye godt.

– I gåva vi gir viser vi omtanke og kjærleik for den vi skal gi til, og i jula har vi i større og større grad begynt å vise kjærleik gjennom å vere rause økonomisk. Då begynner verdien på gåva å handle meir om vår eigen smaksetikk og økonomisk standard, enn det jula skal handle om, meiner ho.

Og det er ikkje berre foreldra som bruker meir pengar på barna. Besteforeldra slår også på stortromma i julehandelen: Dei vil bruke om lag dobbelt så mykje på julegåvene til barnebarna som dei gjorde i fjor, skriv avisa.

Artikkeltags