(Avisa Hordaland)

Sidan fredag har politiet og mannskap frå Røde Kors leita etter ein mann i slutten av 20-åra.

Mobilspor, og også ein mogleg vitneobservasjon av mannen gjort på Hallingskeid, har gjort at aksjonen har blitt konsentrert i dette området.

– Men no har me avslutta det operative søket på Hallingskeid mot Finse. Det er på grunn av gjeldande vêrforhold, og ut ifrå dei opplysningane me har no, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-André Brakstad til BA sundag morgon.

Sakna Pål Andreas Kolås er opphavleg frå Ulvik, men er busett på Voss.

Siste observasjon torsdag

Operasjonsleiar Tore-André Brakstad seier at dei held fram med å jobba med etterforskinga for å prøva å finna ut av kvar mannen kan vera.

Siste sikre observasjon er då sakna var ferdig på jobb på Voss torsdag ettermiddag 3. februar.

– No har me ingen leiteressursar i terrenget, men det kan endra seg dersom me får nye opplysningar som gjev oss ein peikepinn på kvar me kan leita, seier Brakstad.

Dersom du har tips, så kan du ringa til politiet på 02800.

Gjekk i turklede og med turutstyr

Sar-Queen og mannskap frå Røde Kors var med i søket etter mannen.

– Den sakna har truleg på seg ei blå Bergans dun/fjelljakke, mørk nøytral bukse, gul/grøn hue, munnbind, stor sekk, skibag og ein liten svart pulk med blå Ikea pose oppi. Politiet ynskjer tips.

Saka vert no etterforska hjå politiet på Voss. Politiet held alle moglegheiter opne.