Ferjene våre transporterte 77.933 personbileiningar i oktober. Det er like over tre prosent fleire enn same månad i fjor, viser statistikk frå Statens vegvesen.

I det største sambandet, Jondal – Tørvikbygd, er auken på om lag ti prosent. 31.480 PBE er 2929 fleire enn i oktober i fjor.

I sambandet Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes har trafikken gått ned i oktober. 30.122 PBE er 1967 færre enn i oktober i fjor og svarar til ein nedgang på om lag seks prosent.

Over Kvanndal – Utne har trafikken auka 8,65 prosent i denne perioden. 14.539 PBE er 1157 fleire enn same månad i 2021.

Kinsarvik – Utne har den største prosentvise auken. 1792 PBE er 467 fleire enn i oktober 2021. Det svarar til ein auke på like over 35 prosent.