Ordførar i Ullensvang kommune sende torsdag tidleg ettermiddag ut ei pressemelding med nye smittetal for kommunen.

Der vert det opplyst at det er registrert åtte nye positive koronatestar i dag, torsdag. Det er no til saman 56 personar i isolasjon med smitte.

Vidare opplyser ordføraren at kommunen no har opna opp for sjølvregistrering av positive testar. Ein kan logge seg inn på hjemmetest.remin.no/ullensvang for å gjere dette.

Meir informasjon kjem om registrering på kommunen si heimeside innan kort tid, heiter det i pressemeldinga.