– Ein klasse ved Odda ungdomsskule er påverka av smittesituasjonen. Elevane får utdelt heimetestar i kveld og skal testa seg i morgon før skulestart, seier ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding torsdag kveld.

Det er no totalt 24 personar som sit i isolasjon i Ullensvang, og det er venta at det kan koma ein betydeleg auke i smitten frametter som følgje av at omikron-varianten no verkar å vera dominerande.

Nasjonalt sett er det stor uro for at omfattande smitte kan gå ut over bemanninga i helsetenestene og såleis skapa kritiske situasjonar for helsevesenet. Ordføraren minner difor om at det er svært viktig at flest mogleg vaksinerer seg no:

– Kommunen har god kapasitet på vaksinasjon. Alle over 18 år der det er gått meir enn 20 veker etter dose to får tilbod om oppfriskingsdose.