Asylsøkjarar i bankbygget på Utne?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ullensvang herad har lagt inn bod på bankbygget på Utne, som har stått ledig i eit par år. I fyrste omgang ynskjer heradet å nytta andre høgda til asylsøkjarar.

DEL

Som kjend har heradet fått fornya kontrakten ned UDI om asylmottak mot at dei aukar tal plassar til 100, og har 30 opsjonsplassar i tillegg. Det har vist seg vanskeleg å finne nok ledige husvære.

På austsida skal ein mellom anna nytta kommunale bustader til å huse asylsøkjarar, då det er for få plassar på sjølve mottaket i Kinsarvik, der ein og leigar husrom på Kinsarvik Brygge.

No vel ordførar og administrasjon å vurdera det ledige bankbygget på Utne til føremålet.

Fleire bod

Ei arbeidsgruppe har vore engasjert for å finne aktuelle aktivitetar i bygget, utan at det er kome noe konkret ut av det til no.

Hf kjenner til at Sparebanken Vest, som eig bygget, nyleg fekk inn eit bod frå ein interessent som har planar for næringsverksemdg i bygget som er regulert til næringsføremål.

- Me er i ein bodrunde og prosess som krev politisk godkjenning før avgjerd vert teke. Ikke noko er avgjort, seier ordførar Borge og legg til:

- Eg vil gjerne informera folk på Utne før eg går til avisa.

Saman med rådmann og representant for banken orienterte ho Grannalaget og arbeidsgruppa om planane før helga.

No har heradet invitert til folkemøte onsdag kveld.

Om lag 20

- Kor mange personar er tenkt busett i bankbygget?

- Me ser for oss rundt 20. Det er opsjonsplassar me eventuelt snakkar om på Utne.

- Kva tidsperspektiv snakkar me om?

- Dersom me får tilslaget, reknar eg med det går rimeleg kjapt. Eg vil tru det kan flytta inn folk i februar/mars 2016.

Borge strekar sterkt under at heradet ikkje har teke noko avgjerd, og at det er ein bodrunde i prosess.

- Me har og teke lærdom, og vil ha eit møte på førehand og høyra kva folk på Utne og vestsida meiner før me tek noko avgjerd.

Bankbygget har vore til sals lenge og fleire prosjekt har vore diskutert som aktuelle i bygget.

- Ikkje noko av det er skrinlagt. Fyrste etasje kan leigast ut. Men fyrst må me sjå om heradet får kjøpt bygget, seier ordføraren.