Mannen vart arrestert i samband med at han er mistenkt for vald i nære relasjonar, etter ein situasjon som oppstod søndag.
Det er enno uvisst om mannen vert varetektsfengsla. Han er førebels ikkje framstilt for varetektsfengsling, men er på papiret framleis o politiet i varetekt.
Det skal ikkje vere snakk om alvorleg skade, opplyser Torsnes vidare, og seier at det er oppretta sak frå politiet si side.
Mannen vart arrestert ved bustaden sin ein stad i Ullensvang kommune.
– Det er enno noko uvisst kva som skjer vidare. Saka vert etterforska, og me må avhøyre fornærma og mistenkte, seier Torsnes.

Ein valdsepisode og ein person vert meld for brot på pålegg

Politiloggen: Kontrollerte førarar for alkohol i Tyssedal og Odda

Usemje om saker som vert flytta ut av distriktet: – Strykkarakter, seier ordføraren
