Jubilanten er eit av dei største og mest aktive spelemannslaga i landet, og vart akkurat nominert til å verta årets lokallag i FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans i Noreg.
Under konserten, på Utne fredag 12. oktober, vert det både hardingfelespel, song, dans og toradarspel, med eit stort utval utøvarar, inkludert Hardanger juniorspelemannslag. Ei av dei som var med å skipa laget for 70 år sida, er òg med: Ingeleiv Kjerland Kvammen frå Granvin.
Hardanger Spelemannslag er eit aktivt lag som attåt øvingar i laget driv rekruttering gjennom Hardanger juniorspelemannslag, songkveldar og helgekurset «Dans, spel og song – alt på ein gong» kvar vår. Laget har òg sett i gang eit stort prosjekt som skal dokumentera musikktradisjonen i Hardanger innan song, spel og dans i dag. Dei er òg ein av samarbeidspartane til hardingfela.no om rekrutteringssatsinga «Nøringen». Laget har òg teke på seg Landsfestivalen i gammaldansmusikk som vert arrangert i Kinsarvik 7.–11. august 2019.
Fyller 70 år - feirar med konsert i Oslo
Skipinga av laget fann stad søndag 26. september 1948 i Kinsarvik. Initiativtakarar var Anders Kjerland frå Granvin og Jon Velure frå Lofthus.
Kommentarer til denne saken