Arbeidsløysa fell til 3,8 prosent

ILLUSTRASJONSFOTO

ILLUSTRASJONSFOTO

Av

Arbeidsløysa fell til 3,8 prosent i november samanlikna med august, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

DEL

Justert for sesongvariasjonar var det 106.000 arbeidsledige i november, noko som svarte til 3,8 prosent av arbeidsstyrken.

Det var ein nedgang på 0,2 prosentpoeng samanlikna med august. Det inneber at det var 7.000 færre ledige i november enn i august. Nedgangen er likevel innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Samtidig viser ferske tal torsdag at 6.000 fleire var sysselsette i november enn i august. Også dette er innanfor feilmarginen, ifølgjeSSB.

Men det siste året har delen av befolkninga som er sysselsett, auka frå 66,7 til 67,7 prosent.

(©NPK)

Artikkeltags