Gå til sidens hovedinnhold

Anders (41) startar eit nytt forsøk på å flyga Norge på langs med paraglider og propell

Sist stoppa Anders Kråkevik (41) sitt Norge på langs-prosjekt opp i fire år i Kautokeino der han fekk samiske vener for livet. No har filmskaparen som mål å gjennomføra den lange paragliderferda – frå Nordkapp til Lindesnes – i løpet av eitt års tid.

For abonnentar

Denne veka reiser Askeladden og dei gode hjelparane hans til Nordkapp med paraglider, to motoriserte propellar, følgjebåt på hengjar og i alt fire bilar. Dei siste vekene har gått med til intens testing av ein del nytt utstyr, mellom anna dronar, gopro-kamera og anna fikst utstyr.

– Eg kjenner at det byggjer seg opp litt nervar no, smiler hardhausen som opphavleg er frå Nå i Ullensvang.

Eigentleg var planen å reisa måndag. Då Kvinnheringen trefte «luftens baron» tysdag, var målet å koma av garde nordover den dagen. Ting tar alltid lenger tid enn ein trur.

Friskusen frå fjorden har budd i Uskedalen i halvtanna år, og i februar skreiv vi om det førre Norge på langs-prosjektet som enda med fire år i Kautokeino, og eit magisk møte med samen Mathis som tok imot Anders Kråkevik som ein son.

Anders (41) skulle fyka Norge på langs med propell. Eit tilfeldig møte forandra livet hans, og no blir det truleg TV-serie

Åra i Kautokeino resulterte i fjernsynsserien «Sameaspiranten» som framleis ikkje er heilt i boks produksjonsteknisk, men målet er framleis å få til eit sal til ein av dei større TV-kanalane.

Nytt eventyr

Det stoppar ikkje eventyraren i å satsa på ein ny, luftig tur med mål om å flyga Norge på langs. Også denne gongen hengande i ein paraglider med propell på ryggen.

– Mesteparten er klart, men alt skal pakkast i bilane og båten skal på hengjar.

I tillegg til paraglider-piloten sjølv, Anders Kråkevik, består laget av tre karar til.

– To av dei er hundekøyrarar som eg vart kjend med i Tromsø for to år sidan medan eg køyrde turistar med reinsdyra til Mathis. Den eine hundekøyraren er frå Tsjekkia, han andre er frå Slovakia. Dei to skal filma med dronar og frå bakken. Og så er det ein kompis av dei, harn er frå Slovakia, som skal køyra bil, forklarar Kråkevik.

Husværet på Eikelandet brygge flyt av kamerautstyr, kameradronar og ikkje minst to motoriserte propellar til å ha på ryggen. Seletøyet ser ut som ein stor ryggsekk, berre med motor, propell og sete.

Medan Kvinnheringen er innom tysdag føremiddag, held Kråkevik på med å festa ei metallplate i setet for å laga seg fundament for eit kamerastativ.

– Eg skal opp i lufta, i båten skal det vera ein båtførar og ein dronepilot, og så må éin køyra bil med båthengjar, forklarar piloten.

I det siste har det vore mykje dronesumming ved Eikelandet brygge medan Kråkevik og medarbeidarane har øvd seg opp med dronane.

Paragliderpiloten har etter kvart lang erfaring med å bruka propellen til framdrift både i lufta, på ski, på sykkel, i båt og for show under isfiske på isflak. Humor og glimt i augo er ein viktig del av livet til Kråkevik.

I videoen under kan du sjå nokre av dei luftige sprella hans.

Langs kysten

Norge på langs-ferda skal etter planen gå langs kysten for å få tryggare og jamnare vind med meir stabil retning enn det fjellsider og djupe dalar har å by på. Men av tryggleiksomsyn må det då vera båt med.

– Og planen er å laga tv-seria av denne ferda òg?

– Ja, det er målet.

– Har du avtalar i boks på førehand, eller gamblar du?

– Det er rein gambling, ler Kråkevik, og legg til:

– Det gjorde eg på sameaspiranten òg. Eg satsar alt eg eig på desse prosjekta.

– Og no blir det vel ekstra dyrt med eit mannskap på tre?

– Nja, eg fekk ein god avtale med dei. Eg spurde oom det er greitt at dei får betalinga seinare når serien er seld. Ja, så sant eg kunne skaffa dei jobb offshore. Og det har eg fiksa, smiler den tidlegare entreprenøren og offshorearbeidaren.

– Kva om du til slutt blir heilt blakk?

– Då få eg jobba offshore igjen, seier Kråkevik utan å blinka.

Hardingen er ikkje heilt A4, for å seia det mildt.

– Hadde eg vore motivert av pengar, hadde eg aldri lagt ut på desse turane.

Kan blir start søndag

Ut frå vêrmeldingane håpar Kråkevik på start frå Nordkapp førstkomande søndag.

– Men det er meldt litt vind.

– Kor mykje vind toler ein paraglider-pilot med propell på ryggen?

– Med den nye paraglideren min kan eg ta av i vind på opptil seks–sju meter i sekundet, det går fint, men fire er ideelt.

– Kor lang tid har du berekna på heile turen?

– Eg er litt redd vi ikkje klarar å gjennomføra heile turen i år, fordi vi er komne såpass langt ut i året. Så eg kjem til å fly så langt eg klarar på to månader, og viss det går bra og det er fint vêr, held eg fram så langt det lèt seg gjera. Men må eg avbryta på grunn av vinter eller hauststormar, held eg fram neste år.

Medhjelparane er med dei to første månadane, men så reiser Kråkevik på eiga hand. For å skapa anna innhald enn flyging, skal Kråkevik landa tilfeldig hos folk for å bli kjende med dei.

– Ser eg ei øy med berre eitt hus på, vil eg gjerne ned dit og få til eit møte med den personen som bur der, og få vita kva han eller ho driv med, og gjerne bu der ei natt eller to om vi finn tonen. Kanskje overvintrar eg ein stad, funderer Kråkevik.

Han har erfart at ein paragliderpilot med propell på ryggen, nærast er ein magnet rundt om. Det er ikkje vanskeleg å koma i kontakt med nye folk, fortel han, og etter at vi har møtt han eit par gonger, er det berre å slå fast den flygande hardingen har eit vinnande vesen og eit breitt smil.

– Skal du innom Mathis på ferda?

– Ja, det skal eg, han er i Øksfjord med reinsdyra på sommarbeite no, smiler eventyraren Anders Kråkevik.

Denne saka er henta frå avisa Kvinnheringen.

– Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, seier Sander (19) om sommarjobben på Borgjo bufelleskap

Kommentarer til denne saken