Alt frå studentar til pensjonistar strøymer til for å bidra etter at kommunen bad om hjelp

Roald Aga Haug (Ap).

Roald Aga Haug (Ap). Foto:

Søndag gjekk Ullensvang kommune ut og etterlyste folk som kunne bidra i ein situasjon der det blir behov for meir helsepersonell. Måndag ettermiddag hadde nesten 70 personar registrert seg.

DEL

— Vi bad om hjelp frå personar som kan hjelpe til under denne pandemien, som kan ta del i vårt ordinære arbeid slik at personell blir frigjort til å jobbe med dette, forklarer ordførar Roald Aga Haug.

Relevante personar, alt frå studentar til folk med helsefagleg utdanning som i dag jobbar med noko anna, blei oppmoda til å registrere seg på nett.

— I løpet av nokre få timar hadde 22 personar registrert seg. Så steig talet. Måndag klokka to var det i alt 67 personar i ulik alder, frå studentar til pensjonistar med god og variert kompetanse, som hadde meld seg, seier Aga Haug.

Han er imponert over responsen.

— Det lovar godt for korleis samfunnet ser på denne utfordringa, og kor budde dei er til å bidra, seier han.

Ingen har testa positivt

Det er måndag framleis ingen som har testa positivt for covid-19 i Ullensvang kommune. Ordføraren opplyser at det måndag har blitt testa sju personar, seks av dei helsepersonell.

— Vi reknar med det er om lag femti personar i karantene no, men vi har ikkje fullstendig oversikt, då folk i ulike tilfelle er oppmoda til å gå i heimekarantene, seier han.

Det er og ein del helsepersonell i karantene, mellom anna fire legar.

— Det understrekar berre kvifor vi har behov for vera strenge og at folk følger pålegga. Vi treng alle, seier han.

Måndag er det gjennomført ein inspeksjon av daglegvareforretningane, der ein har sett på dei hygieniske forholda.

— Alle butikkane har gjort tiltak, og vi har eit godt samarbeid med dei. Det var nokre ting å ta tak i, og dei har fått råd om korleis dei skal stelle seg, seier han.

— Det som kan utsettast, skal utsettast

Søndag gjekk kommunen ut med eit generelt ut- og innreiseforbod til kommunen. Det seier Aga Haug at dei har fått mange positive tilbakemeldingar på.

— Vi har og fått ein del spørsmål frå næringslivet, så vi skal sette oss ned og lage klarare retningslinjer så dei veit kva dei skal stelle seg til, seier han.

Kortversjonen er likevel enkel:

— Det som kan utsettast, skal utsettast. Dei reisene som må gjennomførast må skje med strenge smittevernreglar.

I kveld skal den kommunale kriseleiinga i kommunen ha (digitalt) møte med Boliden og TTI for å diskutere deira situasjon. Ordføraren legg til at kommunen sitt samarbeid med næringslivet er godt.

Han trur at forbodet har vore nyttig med tanke på hytteturistar, og seier dei vil sjå på korleis dei kan redusere dette ytterlegare til neste helg.

— Det vil bli sett ut skilt på kommunegrensene og i bestemte område, som klargjer at det ikkje er anledning til å reise på hytta frå andre kommunar, seier han.

Artikkeltags