Alle trafikkdrepne skal obduserast
Artikkelen er over 1 år gammel
Regjeringa kjem i ein lovproposisjon med forslag om at det skal gjennomførast rettsmedisinsk obduksjon av alle drepne i trafikken.
(Firda) – Å vite årsaka til ei dødsulykke kan vere viktig for dei pårørande. Denne kunnskapen kan også hjelpe oss å førebyggje framtidige ulykker og tap av liv i trafikken. Det er viktig for folkehelsa, seier helseminister Bent Høie.
Eit hovudmål for transportpolitikken til regjeringa er at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hard skadde i trafikken. Meir kunnskap og informasjon om årsaker til trafikkulykker er svært viktig for å målrette arbeidet med trafikksikkerheit.
Lovforslaget inneber endringar i både obduksjonslova og vegtrafikklova.
Kommentarer til denne saken