Sykla og samla inn pengar til sjuke barn

Til Åkrafjordtunet: Roy Martin Øyjord og Ingunn Frette.foto: Privat

Til Åkrafjordtunet: Roy Martin Øyjord og Ingunn Frette.foto: Privat

Ingunn Frette og Roy Martin Øyjord kjem til Åkrafjordtunet for snakka om si deltaking i Team Rynkeby.

DEL

Tema for onsdagens «Frokost ved fjorden» er sykkellaget Team Rynkeby, eit nordisk veldedigheitssykkelag som kvart år syklar til Paris for å samla inn pengar til sjuke barn.

«Team Rynkeby er kalla opp etter eit dansk bryggeri. Der var det ein av arbeidarane som fekk røyke-lunge. Han fekk då med seg kollegaer som ville sykla for betre helse. Det vart sykling frå København og til Paris, til målgang for Tour de France», skriv arrangøren i ei pressemelding.

Turen gav overskot, som vart gitt til forsking på barnekreft. Slik starta eventyret med Team Rynkeby.

Det årlege sykkelrittet til Paris er ein særs tøff tur. Difor er det krav om å sykla minimum 2500 treningskilometer for å få lov til å delta. I 2019 deltok 2100 syklistar på gule syklar og i gule drakter. I tillegg var det 500 hjelparar. Ingunn Frette og Roy Martin Øyjord trente så mykje at dei kvalifiserte seg til deltaking i 2019. På førehand samla dei inn sponsorpengar til kreftaksjonen.

«Klarte Ingunn og Roy Martin å gjennomføra? Kan dei tenkja seg å prøva igjen? Denne voldsomme kraftprøva er det dei vil fortelja om i ord og bilete denne onsdagen på Åkrafjordtunet», står det i pressemeldinga.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags