Dei fleste i byggjefeltet vakna opp til tomme vasskranar

Natt til tysdag forsvann vatnet for mange av Syreflot vassverk sine abonnentar på Aga.

DEL

Rundt klokka 01 synte målarane ei kraftig stiging i vassforbruket, så var tydeleg at lekkasjen starta då.

Dei fleste i byggjefeltet vakna opp til tomme vasskranar tysdag morgon, og mange trudde kanskje det hadde samanheng med innføringa av permanent kloring av vatnet.

Men det kan vassverksjef Olav Utne avkrefta.

– Lekkasjen har ingenting med kloringa å gjera, slår han fast.

Reinseanlegget greidde ikkje få nok, slik at hjå dei aller fleste i heile byggjefeltet var det tomt.

– Me har funne éin lekkasje, men eg trur ikkje det er hovudlekkasjen. Me driv og forskar vidare, sa vassverksjef Olav Utne til HF, tysdag ved 10-tida.

Han meinte det var sannsynleg med fleire lekkasjar.

Tysdag føremiddag hadde heradet sitt mannskap fått kopla om, og Utne trudde dei fleste hadde fått vatnet tilbake.

Men melding er send ut med beskjed til kundane om å koka vatnet:

«Vatnet vil verta misfarga i periodar. Me leitar etter lekkasjen, ser de noko unormalt med vatn nokon stad, ver gild å gje oss tilbakemelding», var meldinga som gjekk ut til kundane.

– Kundane vil få ny beskjed når alt er ordna og det ikkje er trong for å koka vatnet lenger, er beskjeden frå vassverksjefen for Syreflot vassverk.

Artikkeltags