«På skulen er det totalt 93 elevar i 1.-10. klasse, så innsamla resultat på kr 55 585 er imponerande. Pengane vart samla inn på Spleis, og lokale bedrifter, foreldre, besteforeldre, vener og kjende bidrog som sponsorar», opplyser rektor Anne Istad ved Lægreid skule.

Fredag kveld hadde det innsamla beløpet på spleis auka til over 57.000 kroner, og Istad reknar med at beløpet vil stiga fram til sjølve TV-aksjonen går av stabelen søndag. Årets TV-aksjon går til Plan International Norge sitt arbeid mot barneekteskap

– Elevane gjennomførte løpa med stort pågangsmot og engasjement, og sponsorane har vore ivrige med å bidra til ei god sak! Lægreid skule vil takke alle som har bidrege – det er kjekt at vi har så stor givarglede i kommunen, melder istad vidare.