Gå til sidens hovedinnhold

60 personar i ventekarantene: – Vi vurderer situasjonen med stor bekymring

Etter at totalt tre personar har fått påvist covid-19 i Ullensvang, informerer ordføraren om at det skal vera 37 nærkontaktar.

Smitten er ifølgje ordførar Roald Aga Haug kopla til Haugalandet.

Foreløpig er 60 personar i ventekarantene i kommunen, opplyser han søndag ettermiddag.

– Kommunen vurdere situasjonen med stor bekymring. Vi driv intensiv smittesporing, testing og førebygging mot ytterlegare smittespreiing. Vi oppmoder alle med symptomer om å testa seg, og vera i karantene til testresultat ligg føre.

– Vi understrekar at innbyggjarar og tilreisande må halda fram med å følgja strenge smittevernråd, er den klare meldinga frå ordføraren.

Les også

«Snu og reis heim!»-banner gav motreaksjon

Les også

Nytt koronatilfelle i Ullensvang

Les også

To tilfelle med påvist smitteveg frå Haugalandet. Langs E134 vert det aksjonert

Kommentarer til denne saken