Frå fredag til søndag skal Varden, Bjødnabykse og Hårteigen 4H arrangera fylkesleir i Kinsarvik. Leiren er for 4H-medlemmer frå 13 og oppover med heile 151 påmelde. Leiren vil finna stad på Kinsarvik camping.

Ordførar i Ullensvang herad, i lag med Mikkel og Mikkeline vil opna leiren saman med leirsjefane Synne Sandal og Guro Nedrevåg. Opninga vil finna stad i Fjordahallen i Kinsarvik fredag kveld.

Samtidig arrangerer Luren 4H i Herand aspirantleir i helga. Dit kjem 86 born og unge mellom 10 og 12 år, frå heile Hardanger.

- Me held på frå fredag kveld til søndag føremiddag. Laurdag er ungane på ulike aktivitetar i kommunen, alt frå alpin til klatring, skriv Ingebjørg Grøtt i ein epost.