– Kommunen endrar no rapporteringssystemet for nye smittetilfelle av covid-19. Framover vert berre stadfesta PCR-svar teke med i den daglege rapporteringa. Dette fører til at dagens tal er noko høgare då fleire tilfelle allereie inngjekk i teljinga dei siste dagane, melder Ullensvang kommune.

Tysdag har kommunen fått melding om 35 positive PCR-prøvar.

Reglar for karantene har endra seg og husstandsmedlemmer kan no testa seg i staden for å vera i karantene. Testing erstattar smittekaranetene for nærkontaktar.

Slik er dei nye reglane:

Smittekarantene på ti døgn kan erstattast med:

  • dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje kan halda avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatta smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smitta sin isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld òg barn.
  • I tillegg til testregime blir det anbefalt å bruka munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store sammenkomster og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Oppmodinga om å bruka munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, skuleborn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind.
  • følg med på eventuelle symptom under heile perioden.
  • ved symptom skal ein halda seg heime og testa seg.

Dei nye reglane vil frå dei trer i kraft òg gjelda for dei som er i karantene på det aktuelle tidspunktet. Det betyr at testregime òg gjeld for dei.

Personar som ikkje følgjer testregimet må vera i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.

Forskriftsendringa gjeld frå og med midnatt, natt til 26. januar, og gjeld uavhengig av vaksinestatus.

Kjelde: regjeringen.no

Sjå kva reglar som gjeld for deg ved å ta Karantenesjekken på Helsedirektoratet si nettside, tipsar Ullensvang kommune.