Gå til sidens hovedinnhold

114 personar i karantene i Ullensvang

Det er ikkje meld om positive prøvar måndag, men 114 personar er i karantene.

Det melder Ullensvang kommune i ei pressemelding måndag kveld.

Her er dagens tal:

  • To personar kom ut av isolasjon i dag. Fleire gjekk ut av karantene.
  • 19 personar er i isolasjon i dag (45 totalt i utbrotet)
  • 114 personar er i karantene per i dag

Kommunen opplyser at dei i dei siste dagane har fått fleire spørsmål frå innbyggarar om ikkje ein skal setta i verk besøksforbod på institusjonar og omsorgsbustader. Lovverket tillèt ikkje dette, og dei viser her til dei nasjonale føringane. Dei seier mellom anna at kommunen ikkje kan regulera eller avgrensa besøk i bufellesskap og omsorgsbustader.

Les også

Kommunestyret forlenget lokal forskrift: - Største smitteutbruddet hittil, og vi håper det blir det siste

– Dette gjeld også der slike bustader ligg i same bygg som ein sjukeheim eller ein annan helse- og omsorgsinstitusjon, presiserer kommunen måndag kveld.

– Kommunen har forståing for bekymringa, men må halde seg til dei gjeldande anbefalingane. I tillegg er delen vaksinerte bebuarar på institusjonane og omsorgsbustadene våre høg, og dette er med på å trygge våre eldre, seier ordførar Roald Aga Haug.

Kommunen oppfordrar uansett alle besøkande til både sjukeheimar og omsorgsbustader om å vise omsyn og til ei kvar tid følge anbefalte smittevernråd.

– Og det viktigaste av alt; Hald deg heime ved den minste antydning til symptom på sjukdom, påpeiker Haug i pressemeldinga.

Ullensvang kommunestyre vedtok tidlegare måndag å forlenga den lokale covid-19-forskrifta til 19. april, men med nokre tilpassingar.

Kommentarer til denne saken