Gå til sidens hovedinnhold

11 nye koronasmitta i Ullensvang

Talet på koronasmitta i kommunen aukar. Det er no totalt 46 personar som har testa positivt, melder Ullensvang kommune på sine heimesider.

Talet på koronasmitta har auka frå 35 til 46. Alle dei smitta er nærkontaktar. Kommunen kontaktar berre dei som har påvist smitte i helga. Det vil sei at dei smitta vert varsla og bedt om å kontakta sine nærkontaktar no i helga. Mandag vert nærkontaktar kartlagt og spora, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Ullensvang kommune har vedteke å fjerna karantenefritak for barn og unge. Dei presiserer at det og gjeld unge over 18 år. Alle som har vore i nærkontakt med ein smitta må no vera heime i karantene i 10 dagar med mogelegheit for å testa seg ut med PCR-test etter 7 dagar.

Kommentarer til denne saken